page view image

Museumsstafett | "Fedre og sønner" foredrag med Dag Steinfeld

Oppdag kunst og kulturhistorie på Haugalandet! Velkommen til museumsstafett på Arquebus krigshistorisk museum!

Information
event image

«Fedre og sønner» – foredrag med Dag Steinfeld!

Torsdag 26. september kl. 18:00
Sted: Arquebus krigshistorisk museum, Gardsvikvegen 20, 5563 Førresfjorden

Pris: kr. 100,- pr. person (Ticketco eller ved frammøte), inkludert bevertning. OBS! Begrenset antall!

Museumsstafetten på Arquebus krigshistorisk museum får denne kvelden besøk av forfattar og advokat Dag Steinfeld. Han fortel frå boka si «Fedre og sønner» - Ein familiehistorie frå tsarens Russland til den kalde krigen. Dag Steinfeld tek oss med inn i si spennande familiehistorie om fire generasjonar i varm og kald krig.

Frå han var liten høyrte Dag Steinfeld om den jødiske familien sin på farssida. Dei hadde flykta frå fattigdom og forfølging frå Russland på 1800-talet og seinare etablert seg med fleire forretningar i Noreg. Seinare blei mange av dei myrda i Auschwitz. Då Dag seinare bestemde seg for å granska fortida, avdekkja han ukjende historier gjennom to verdskrigar, økonomiske krisetider og kald krig.

Den kjende og kjære Moritz Rabinowitz, arbeidde i 1912 for Dag Steinfeld sin jødiske oldefar i forretninga hans i Bergen, før han reiste vidare til Haugesund. På eit seinare tidspunkt arbeidde både far til Dag Steinfeld, Herman, og bror hans Daniel for Moritz Rabinowitz sin bror Herschel på «Dresshjørnet» i Bergen. Alle i familien Rabinowitz blei som kjend myrda under Holocaust.

Det vert sal og signering av boka «Fedre og Sønner», og Arquebus-utstillinga og butikken vil og vera open i pausen og etter programmet.

Arquebus Krigshistorisk museum i Tysvær har mange og varierte utstillingar som fortel om okkupasjonen av Norge i 1940-45. Museet har fått namnet sitt etter operasjonen kor motstandsmannen Sverre K. Andersen dreiv illegal radio-verksamheit under andre verdskrig; «Arquebus».

Fotovedlegg: Dag Steinfeld

----

Museumsstafetten er ein arrangementsserie der Haugalandmuseet tilbyr månadlege kunst og kulturopplevingar med omvising, kåseri eller ein workshop, og noko å bite i. Museumsstafetten gir ein unik moglegheit til å oppleva mangfaldet i museumsregionen og tek deg med til ulike avdelingar frå gong til gong. Velkomen til Museumsstafett - oppdag kunst og kultur på Haugalandet!

haugalandmuseet museumsstafetten arquebus dagsteinfeldt foredrag

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikke.