Kulturvernkafé på handelsstaden Solstrand
Me inviterer private huseigarar, handverkarar og andre med interesse for gamle hus og tradisjonshandverk heim til Gro Lavold og Brynjulf Hovland. Gjennom føredrag og synfaring blir me kjend med historia og prosessen bak restaurering av den gamle handelsstaden Solstrand på Høie i Tysvær.
Information
Kulturvernkafé er ein del av tenesta innan bygningsvernrådgjeving på Haugalandet. Me håpar kvelden vil samla folk som er i gong med eige prosjekt innan istandsetjing eller restaurering av gamle hus. Gro og Brynjulf har arbeidd med dette prosjektet i meir enn ti år og har hausta gode omtalar frå vernemyndigheiter undervegs.
Kom og bli inspirert på Solstrand! Det blir kaffi og noko attåt.
Påmelding er naudsynt, deltaging gratis.