page view image

Informasjonskveld/ kurs for private huseiere

Har du eit gammalt hus som treng omsorg? Å ta vare på eldre bygningar krevjar både kunnskap, tolmod og vilje. Det finst heldigvis fleire økonomiske tilskotsordningar tilgjengeleg, samt rådgjeving innan bygningsvern for å hjelpa deg på vegen.

Information
event image

Kurs i søknadsskriving for eigarar av gamle hus
Me har gleda av å invitera til informasjonskveld for huseigarar, handverkarar og andre med interesse for bygningsvern. Her kan du læra om kva støtteordningar som er tilgjengeleg, korleis du skriv ein god søknad, og få gode råd om gamle hus.

Program
19.00 – 19.15  Velkomst og introduksjon ved bygningsvernrådgjevar Tarjei S. Sortland
19.15 – 19.30 Støtteordningar, Rogaland fylkeskommune ved Ane Steingildra Alvestad
19.30 – 19.35 Beinstrekk
19.35 – 19.50 Løa på Vibrandsøy, Fortidsminneforeininga ved Jan Arve Torgersen
19.50 – 20.00 Spørsmål og diskusjon

Tid og stad
Bedehuset i Dokken, Hasseløy, Haugalandmuseet
Torsdag 1. oktober kl. 19:00 – 20:00 påfølgande bygningsverndagen

Påmelding og spørsmål
Påmelding på TicketCo
Det blir mogleg for deltakarar ved bygningsverndagen til å melda seg på kurset 

Kven er me?
Haugalandmuseet tilbyr gratis bygningsvernrådgjeving på Haugalandet for innbyggjarar i Vindafjord, Utsira, Tysvær, Bokn, Karmøy og Haugesund kommunar. Tenesta er finansiert av Rogaland fylkeskommune. Den 1. oktober arrangerer me bygningsverndag i samarbeid med fylkeskommunen og lokallaget for tradisjonshandverk, Håndkraft.

bygningsvern håndverk